logo
We wish to share knowledge about Jesus and the christian faith.
Startsiden> Read & learn> Lent> 3. søndag i fastetiden - Ein dristig, raus og realistisk Jesus

Page info

Skrevet av Jesusnett Dato12-03-16 00:13 Treff232 Kommentar0
 

Innhold

3. søndag i fastetiden – Ein dristig, raus og realistisk Jesus

Søndagskommentar av Kåre Vølstad

 

Luk. 22,28- 34Jesus og disiplene nattverdsbordet

De er dei som har halde ut hjå meg i prøvingane mine. Og no overlet eg riket til dykk, liksom Far min har overlate det til meg. De skal eta og drikka ved mitt bord i mitt rike, og sitja på troner og styra dei tolv Israelsættene.

Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite. Men eg ba for deg at trua di ikkje måtte svikta. 

Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine. Herre, sa Peter, med deg er eg budd til å gå både i fengsel og i døden.

 Men Jesus svara: Eg seier deg, Peter: Hanen gjel ikkje i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.

 

 

Teksta i dag tek oss med inn i nattverdsalen og vi får del i noko av Jesu avskjedstale. Og her møter vi ein Jesus 

som  er  både dristig,  raus og realistisk.

 

Han er dristig når han  «overlet riket til dykk». Jesus kom for å grunnlegge Guds rike her i denne verda.

 Det skulle han gjera ved sin soningsdød på Golgata. Når riket er grunnlagt overlet han til læresveinane

 – og sidan den kristne menighet – å byggja Guds rike vidare utover til alle folkeslag. Som kristne står vi i denne samanheng

 – å du for eit herleg privilegium og ansvar. Tenk at Jesus våga å satse på slike som deg og meg. Imponerande!

 

Han er raus når han inviterer til «bordsete». Det er invitasjon til fellesskap med Jesus og den kristne  menighet

 både ved nattverdbordet her i tida og ved det himmeldske festbordet i det fullendte herlighetsrike.

 Eg kan ikkje tenkja meg noko større eller betre fellesskap enn dette, derfor er eg både stolt og glad

 for å ha fått ein plass ved dette bordet.

 

Han er realistisk når han fortel kva som har skjedd og om kva som ventar her i verda.

Jesus veit at Satan er ein levande verkeleghet som med forskjellige midlar vil prøva å røva trua frå Peter,

  og sidan alle Guds barn. Han veit at Peter vil svikta, men ser og veit at det er oppreising etter fall, og at Peter skal bli «klippen». 

Han ser og veit om fall og nederlag hjå Guds barn gjennom alle tider, også hjå meg og deg som les dette.

 

Jesus er realistisk, og han veit at han har vunne over Satan og hans makt. Han veit at han også kan kan berga

 og fria Guds barn få Satans makt.

Han veit at han har makt til å reisa opp den fallne og gje nye oppgåver til den som svikta. Han har all makt i himmelen og på jord,

 – og lovar å vera med sine alle dagar så lenge verda står. Matt 28,18-20.

Med dette som bakgrunn ser vi det er store og gode mulegheter, også for oss, til å vinna over Satan

 og alle øydeleggande krefter.  Difor seier eg: God tur vidare på livsvegen saman med Jesus, heilt til du sit 

ved bordet i det fullendte Guds rike

 

Vennleg helsing

Kåre Vølstad.

 

 

0

Kommentar liste

Ingen kommentar

Jesusnett is affiliated with Normisjon
The foundations of our belifes are the Bible and the Evangelical Lutheran creeds.
All texts can be copied freely if they are published uncut and if writers and our website are stated
Pictures and illustrations can only be used in agreement with Jesusnett
Inquiries should be directed to maryanette@skaaheim.com
Donations to our work in sreading the word of Jesus, are recieved with great gratitude

Gift account: 1503 73 41190
Jesusnett is a missons project for Normisjon.

You can find us in
The Project catalog for Normisjon
Jesusnett
Copyright © jesusnett.com. All rights reserved.